måndag 21. mai 2012

Objektivisme i arkivet



På oppmoding har eg tråla gjennom arkivet etter ting eg har skrive om objektivisme, Ayn Rand og tilhengjarane av dette svineriet. Dette er sjølvsagt ikkje noko eg vil anbefale at de prøver sjølv, eg er profesjonell og nytta ein spesielt utvikla klesklype på nasa for å overleve stanken. Resultatet er altså at eg har fylt opp arkivet med innlegg frå 2007 og 2008 hovudsakleg, som de no kan lese om att. For eg reknar med at de følgde med i gamlebloggen på det tidspunktet. Du veit... då eg faktisk skreiv interessant og godt om noko anna enn Pandamonium og Hello Kitty?

Foto knabba frekt frå the Ayn Rand Society. Saksøk meg.
Det har seg slik at objektivistar ikkje vaskar seg. Dei er simpelthen essensen av dei uvaska massene som sitt i mørkre kjellarar og fantaserar om å vere overmenneske. Litt som nazistar utan sjarm og tiltak. Diverre er det alltid ein og annan av dei som kryp ut kjellarstova, får å plage andre med litteratur. Og verre er det når Sam Raimi vel å filmatisere denne litteraturen. Men han var jo ikkje åleine om å ville gjere populær kultur av Ayn Rand si filosofiske fecalmaterie. Objektivistar sjølv meiner dei har monopol på ei forståing av kva ondskap er. Og med det så meiner dei altså altruisme og det å vere god mot andre. Dette er objektivt sant, fordi Ayn Rand har sagt det er slik. Det stod i ein murkloss av ein dårleg roman. Denne murklossen har inspirert mykje rart, inkludert dataspelet Bioshock... som så inspirerte nokre objektivistar til å ville lage ein by på havet.

Ikkje at dette forklarar noko som helst, for om du vil vete kva objektivisme eigentleg er, oppsummert med ei enkel setning, så les du dette innlegget. Og om du vil lese alle fatwaene som er forfatwa om objektivisme så går du her... men eg vil ikkje akkurat anbefale det. Det gjer rimeleg vondt etterkvart.

No vil eg sove...

tysdag 15. mai 2012

Endeleg er magen i søkjelyset

Kunstverk av multikunstnar Vidar Bratlund-Mæland, inspirert av vår tragiske sjukdom.
Det tok heldigvis ikkje lenge etter eg hadde lagt ut pipemunnbilete før mannen som veit ei god sak når han ser den, Øyvind Strømmen, hadde tatt kontakt for å intervjue meg om dei faktiske forholda rundt mi magesmerte. Det intervjuet kan du lese her. Eg er berre glad for at media endeleg viar denne noko merksemd. Det er jo tragisk det heile. Har framleis litt vondt, faktisk, men det går seg til. Det hjelp med oppløftande kunstverk inspirert av mi smerte av ein av mine favorittkunstnarar, Vidar Bratlund-Mæland. Det er jo slik at med kvar ei stor historisk hending, så er det kunstnarar som vert inspirert. Eg reknar med dette berre er det første av mange verk.

Og det er ei god trøyst. Mi liding vert ikkje gløymd.

Dette forsøket på sartorialt karakterdrap på meg derimot. Det vert snøgt gløymd.

Vi dekkar sjølvsagt heile soga om mi liding i detalj i det neste nummeret av mulla-magasinet (for du har bestilt ditt hjå Narvesen, sant?), der vi og ser på filmfestivalen som var, litteraturfestivalen som kjem og årets bademoter. Og ein gratis fatwa til den første som finn den typografiske feilen.

Lille spegl på veggen der

Skal innrømme at det var litt skuffande å liggje der med magesmerter i går, utan at ein einaste journalist slo på tråden for å lage sak om noko som moglegeins kan ha vore ei matforgifting, men godt kan ha vore noko heilt anna. Følte meg brått litt underlegen ho Slåballfrua som har journalistane etter seg heile dagen for å skrive om tåneglklippinga hennar. Heldigvis kunne min ven Øyvind Strømmen trøyste meg på Facebook med at han ville ta ein pause frå sitt travle liv med å peike og forklare om høgreekstremisme til å blogge om meg. På ein betingelse - eg måtte leggje ut nokre bilete av meg sjølv.
Vel, det kan eg faen meg ordne! Øyvind vann trass alt pris som fjorårets beste frilansjournalist, og då rekner eg bloggen hans for å vere journalistisk merksemd god nok! Sjuk eller ikkje, det bar sporenstreks til badet med kameraet for å øve på det originale Duckface - dvs. Pipemunn!
Det er lett å sjå her korleis trutmunnen, eller Duckface som det heiter no og som er så populær blant dagens unge jenter, eigentleg utvikla seg som eit særpreg blant piperøykande menn. Problemet var at å ta bilete på badet er så... ja... du veit. Det er litt kleint. Det må då finnes betre vis? Eg har jo ein god gamaldags spegel i stova.

Problemet er at vi framleis ikkje har fått alt på plass i løpet av flyttinga, bøker står stabla her og der, og bokhyllene vert brukt til midlertidig lagringsplass for rask og eit par bøker... og verktøy. Spegelen, den har eg ikkje fått tid til å henge opp. Og det er vanskeleg å ta bilete av ein spegel som står lent inntil veggen, ved golvet. Så stort er det ikkje.

Og herr Strømmen var ganske så spesifikk på at eg skulle ha eit flørtande blikk, og ta biletet i spegelen. Løysinga var sjølvsagt å kalle på min lille gule ven, MadeInSeoul, som ikkje har oppdatert bloggen sin sidan desember, men som er tidvis aktiv på Twitter der ho skriv om kor grei eg er med henne. Etter litt om og menn fekk eg henne til å halde spegelen oppe for meg, slik at eg kunne ta bilete!
Lille asiat på golvet der, kven burde vaske spegelen sin? Det er nok meg, men altså det største problemet er jo sollyset som øydelegg fullstendig for biletet. Litt dumt sidan det er der eg hadde tenkt å ha den. Ekstra dumt sidan eg verkeleg hadde positurane inne. Sjekk her då!
Jaja, ikkje noko å gjere med det, eg måtte flytte på asiaten... spegelen. Eg måtte flytte på spegelen. Alt eg gjer for herr Strømmen, hæ? Eg plasserte deretter min lille gule venn inntil den eine bokhylla som stod i moskeen då eg kjøpte den, der var vi ikkje så forstyrra av sollyset.
Men det virka som om eg mista mojoen litt der, ikkje heilt den flørtande apellen eg hadde vona å gje mottakaren. Det må ha vore alt rotet i bokhylla som gjorde det. Eg lover, det skal ikkje sjå slik ut når alt er på plass. Eg skjemst. Det finnes berre ein ting å gjere med det. Og det er å skifte antrekk! For kva er vel ein liten fotosesjon utan eit lite klesbytte eller to!
Yes! The Beau Brummel standard black suit, det gjer meg til ein sjarmerande mann, uavhengig av rot og tull i hylla! Eg gleder meg verkeleg til å få orden på dette, men eg anar at det vil ta litt tid - det står trass alt fleire kasser med bøker på lager, samt halvparten av dressane mine. Akk, eg kjenner meg nesten litt naken når eg tenkjer på det. Kanskje det var det eg skulle tatt bilete av, hadde det vore flørtete nok for deg, Øyvind? Og så - pipemunn folkens!
Og det var det for denne gongen, asiaten min byrja å verte sliten i armane og det er jo ikkje greit. Ho må ha litt styrke att, sidan eg skal lære henne å stryke og dampe skjortene mine. Takk for meg, gleder meg til å lese sak Øyvind!

Hadet bloggen!

måndag 14. mai 2012

Stogg pressa! Eg har vondt i magen!

Det er openbert noko som går om dagen! Eg har blitt matforgifta... i det minste har eg veldig vondt i magen, og feber. Og det er ikkje noko artig. Det tyder at eg ligg heile dagen og klamrar meg til telefonen og ventar på at pressa skal ringe og be om kommentarar. Kan eg har spist noko som var gått ut på dato? Ikkje som eg veit, men det er rom for spekulasjon her. Og folkeopplysing! For folk må jo lære seg om dette med datostempling og slikt!

For det er slik det heng saman, sant? Det var slik det var då Fotballfrue vart sjuk her forleden, og de vil vel ikkje påstå at ho er ein viktigare bloggar enn meg? Ho trur kanskje ho, i all sin lediggang, har spist noko ost som var gått ut på dato. Ho måtte spy opp til fleire gonger! Stakkars, er det då rart at Nettavisen, som sel annonsane på bloggen hennar, følte det naudsynt å slå det stort opp? Det er jo rein skjær folkeopplysing og god nyhendeformidling.

No har eg korkje avtale med Nettavisen eller andre aviser om å dokumentere livet mitt overskriftene, men no har eg altså vondt i magen. Og i motsetnad til magen til Fotballfrua så er magen min stor. Det vil med andre ord seie at medan ho hadde kjempevondt i litt mage, så har eg kjempevondt i kjempemykje mage! Reint kvantitativt har eg meir mage å ha vondt i, og ergo meir vondt! Dette er enkel matematikk!

Så om ein eller annan journalist snart, eg byrjar å verte lei av å vente, så kan eg fortelje den gripande soga om at eg har skikkeleg, skikkeleg vondt i magen og at det kan vere fordi eg har spist noko eg ikkje tålte, har vore overarbeida eller... ja, altså... eg har vondt i magen, og det er ein skikkeleg human interest story? Er du klar over kor kokt i hovudet ein vert av å liggje og sjå robotanime frå 70-talet i fleire timar i strekk?!

søndag 6. mai 2012

Er det gratis?

Det er dyrt å leve seier dei, og ingenting er dyrare enn å leve som single i dagens Noreg. Ikkje berre har ein ingen å dele sine utgifter med, men ein ungkar er jo forventa å spandere på kvinner i ny og ne om han skal få gjort ende på sitt ungkarsliv. Å gå ut med kvinner er sjeldan billige affærer, dei har jo visse krav til standard og oppvarting som ein anstendig gentleman bør vere mann til å oppfylle. Det er trass alt ein grunn til at vi menn, visstnok, tener betre enn kvinner. Det er jo fordi vi skal vere rause og spandable, så klart.

"Er det gratis?" spør alltid ein kamerat, uansett kva det gjeld. Det er ein refleks, og ein nøkkelfrase. For svaret er alltid nei, ingenting er gratis, og det veit han godt, for han er som mullaen ein ungkar. Og for ein ungkar vil det alltid koste noko. Og det er difor eg merka eg vart litt skeptisk då eg hadde forvilla meg inn i ein viss pirathamn på nettet og kunne lese følgjande annonse:
Gratis single? Det er greit at slike datingtenester er tretten på dusinet og dei må jo finne på ein gimmick for å hente inn brukarar, men ingen skal få meg til at jentene du treff på denne tenesta er gratis. Det vil i så fall vere ein verkeleg ny form for "dating", tenkjer eg meg.  Eg har større tru på at tenesta dei sjølv nytta for å omsetje reklamen til norsk var gratis.

At annonsa ser ut som annenrangs spam hjelp heller ikkje på gitt. Eg trykka ikkje på lenka. Ingenting er gratis.

torsdag 3. mai 2012

Bacon, ei sesongfrukt

Vi er jo alle kjendt med at bacon, trass rykte om det motsette, er ei frukt som veks under bakken og som vert hausta inn av stolte baconbønder langs den norske kysten. Saftig og god, og sunn som all anna frukt, er bacon ein klassisk del av norsk kosthold, og har ein naturleg plass på frukostbordet. Etterkvart som nordmenn vert meir medvitne på at kostholdet deira skal vere ein del av eit slags naturleg mønster, høyrer ein ofte om sesong frukt. Ein skal ete frukta på det tidspunktet det er naturleg å finne frukta. Det same gjeld grønsaker. Eg får difor ofte spørsmål om kvatid det er sesong for baconfrukt. For nokre familiar er veldig opptatt av å ha bacon om vinteren, andre føler det openbert er ei somarfrukt, og høyrer heime i friske salater og attåt grillmat. Kva stemmer? Eg fekk nyleg tilsendt ei plansje frå dei søte jentene bak Frontlosjen, som skulle vere godt eigna til å oppklare alle spørsmål.
Og som de ser. Det er alltid sesong for bacon. Dette gjer bacon til den ultimate sesongfrukta. Greit at dette er ei oversikt over grønsaker, men ein kan ikkje vente at danskar skal forstå seg på alt heller. Så det tyder at det er klart for ein vår, ein somar, ein haust og ein vinter full av saftig frukt! Eg gleder meg allereie... kven her har lyst på ein fruksalat?
Og om du heller har lyst på noko søtsaker, så skal du heller ikkje utelukke bacon i somar. Gløym kandiserte epler; prøv kandisert bacon!




Og om nokon lurar på kvar eg er, så er eg på kjøkkenet og gnafser på frukt.

måndag 23. april 2012

eMANNzipation, mannefrigjering

Eg innrøm gladeleg at eg kanskje er litt over gjennomsnittet glad i film. Filmfestivalar er det perfekte høvet til å oppdage nye underfundige og fine filmar, og eg tilbringar difor noko av tida mi denne veka på Os internasjonale filmfestival for litt kulturelt påfyll. Ein film eg var veldig nyfiken på, og nesten måtte få med meg var eMANNzipation, forfatta og regissert av Phillip Müller-Dorn. Og eg kan ikkje seie at eg angra på det. Filmen prøver å rette fokus mot eit av dei tema som ein ikkje snakkar om i vårt samfunn, trass vår stor kjærleik for offer og offersoger - trakasserte ektemenn. Vi følgjer ein slik mann, som ikkje har anna alternativ enn å søkje seg til eit herberge for menn og byrje livet sitt på nytt. Han har blitt fullstendig nedbrudt av si brutale kone, og står utan heim, jobb eller sin son og er tvungen til å ta fatt i seg sjølv og sjå på sine val. Han er ein stille mann, ein omtenksam mann, ein ettertenksam mann, ein mann som skyr konflikt og som alltid prøver å tenkje seg gjennom eit problem før han handlar. På herberget møter han andre, veldig ulike menn som òg har vorte utsatt for trakassering, og gjennom gruppesamtaler prøver dei å komme til botns i problema sine, og forstå kvifor dei har latt seg trakassere. Undervegs i filmen får vi sjå korleis romantikken vart til uforståeleg terror og vald, og vi får sjå ein stakkarsleg, men likandes mann byggje seg opp frå grunnen av og attfinne kjærleiken og sin plass i samfunnet. Du kan umogleg ikkje vert underhaldt og rørt av denne filmen.


Phillip Müller-Dorn har laga ein film som både er morosam og trist, samstundes som den er tankevekkjande. Ein snakkar ikkje langt på nær nok om vald og trakassering av ektemenn, då menn er fysisk sterkare enn kvinner. Det er av den grunn naturleg å tenkje seg at det er menn som er den aggressive og valdlege parten i eit forhold. Ein mann som ikkje kan eller vil attgjelde når konflikt oppstår, vil likevel stå svakare overfor ei kvinne som utnyttar dette. Og det er ikkje berre vald, men emosjonell terror og krigføring som bryt ein mann ned og gjer han til ein fange i eit forhold. Likefullt som det skjer med kvinner som har rota seg i hop med ein eller annan psykopat. Müller-Dorn grip difor tak i noko som ligg og syder under overflata i vårt samfunn, for det er mange menn som kan kjenne seg att i delar av den soga filmen presenterar. Noko eg fekk stadfesta i samtaler med andre etter filmen.

Når høvet bydde seg, over nokre glas vin og ein zombie-film, måtte eg berre takke Phillip Müller-Dorn for å ha laga denne filmen. Eg vonar fleire får høve til å sjå den.

torsdag 19. april 2012

Gatekunst

Alle former for kunst fascinerar og opptar oss her i moskeen, og vi lar oss stadig imponere over dei som kan formidle idear og kjenslar gjennom bilete, skulpturar, lyd og andre uttrykk. Vi differensierar sjeldan mellom uttrykksform eller kunstnarskule, så lenge det vi ser og opplev appellerar til oss rasjonelt, emosjonelt eller sjeleleg. Vi må ha ei oppleving av at skaparen av verket faktisk har prøvd å gje oss noko, at det ikkje berre er fargeklattar som dei veit ein idiot av ein samlar vil betale ti tusen for, men at det er eit reelt uttrykk. Gatekunst er eit slikt felt der det tidvis kan vere langt mellom perlene, men dei perlene som er der er verkeleg flotte. Gatekunsten er prega av dei glade amatørar, og noko av den er heilt fabelaktig, medan det er mykje skit òg. Og den første som prøver å fortelje meg at tagging er kunst, skal eg tre ned på minareten. God gatekunst handlar om plassering. At kunsten stemmer overeins, klaffar, med omgjevnadane og overflata - anten at den virker naturleg eller er overraskande og inspirerande. Deretter må det vere teknisk og kunstnarisk godt utførd. Det er med andre ord ikkje lett å lage gatekunst, og gatekunst vert opplevd som noko flyktig, noko som ikkje vedvarar. Skaparen veit at sjansen for at det vert malt over er stor. Dette gjer gatekunsten til noko spesielt, og eg respekterar dei anstendige utøvarane av denne forma.

Difor er det spennande når det virker som om multikunstnaren Vidar Bratlund-Mæland flørtar med gatekunst. Vi vart sendt nokre enkle bilete som illustrerar dette.
Eg bur i Bergen, så det er nok rimeleg å anta at eg både dansar og syng i regnet, opplyst av Hello Kitty. Dette hadde nok tatt seg veldig bra ut ein vegg nær meg eller deg. Min kjærleik til Hello Kitty utforskar Bratlund-Mæland i sitt neste bilete, der han forestiller seg meg og henne i varm og vennskapleg omfamning.
Eg er veldig glad i kattepusar, så det kjem jo ikkje som noko stor overrasking at eg likar å ha dei på fanget og kose litt på dei. Det skulle vel berre mangle.
Og... uhm... altså, jajo, som dei fleste andre, så likar eg jo å gå rundt i undertøyet, og eh... hadde eg hatt katt heime, så hadde eg jo sjølvsagt kjælt med den i berre undertøyet så, sett slik så er jo ikkje dette så uanstendig. Nei, det er vel meir enn kommentar til korleis germansk naturisme, Freikörperkultur, sameinast med min kjærleik for kattar og Hello Kitty, ja. Det er slik det heng saman.
Ehm... eh... altså...

Fint bilete, kva? Altså... eg... uhm...

Helvete... eg trur Bratlund-Mæland har installert kamera på soverommet mitt!

tysdag 10. april 2012

Den gode skule

Den gode skule trur eg ikkje er ein skule som lar deg gjere som du vil, som sett leik i sentrum, og trur at ein lærar alt ein treng gjennom prosjekt- og gruppearbeid. Ein ønskjer gjerne at det var slik, men det er jo ikkje det. Ein god skule krev faktisk lærarar, som lærar vekk eit pensum, lærarar som set grenser, og eit system som krev disiplin. Dette tyder sjølvsagt ikkje at det ikkje er rom for leik og moro, og rom for fantasi og kreativitet. Neida. Det er det jo alltid plass til, sjølv under ordna former. Det var iallefall slik då eg vaks opp. Og eg skal ikkje skryte på meg dei beste minnene frå barneskulen, men det var ikkje pedagogikken som var problemet. Eg gjekk på ein heilt vanleg barneskule, den låg på andre sida i vegen for huset eg vaks opp i. Dette har jo si forklaring at då skulen i si tid vart bygd, følgde skulemeisteren med på lasset frå gamleskulen. Han hadde til då budd på skulen, men no skulle han altså bu i eit hus ved sida av. Dette var far til mor mi, min morfar. Dette er ikkje viktig, det viktige er at eg vaks opp ved ein liten skule, og den står der framleis. Og den har ikkje endra seg så altfor mykje sidan eg gjekk der, på utsida iallefall. Berre ein ting saknar eg... den gamle dekoren. Eg hugsar eit stort veggmaleri på fasaden, av allskens fantasifulle figurar frå teiknefilmar. Ja, vi snakkar her om kjende karakterar frå mellom anna Disneyfilmar. Ein kan berre spekulere i kvar det vart av dette biletet, det kan jo ha blitt slitt ned, men vår tids andsverksfetisjistiske tankemønster er ein frista til å tenkje seg at ein simpelthen ikkje lenger hadde lov til å ha andre sitt andsverk på fasaden. Uansett kor uskuldig.

For meg representerte det biletet den fantasiverda som skulen ønskte å føre borna inn i. Ei ordna, men fargerik og kreativ verd.

Eg vart minna på dette, då eg fekk tilsendt desse bileta tatt av Lord Bassington-Bassington sin betre halvdel, av ein skule utanfor Lisboa.
Ser du dei fine fargane? Den flotte opne horisonten, den blå himmelen? Ser du dei glade karakterane?
Næmmen! Ser du kva det er? Det er...
Hello Kitty!

Og det seier vel eigentleg alt av det eg prøver å formidle her. Det born treng er ikkje prosjekt- og gruppearbeid, men HELLO KITTY! Kva inspirerar vel borna meir enn Kitty White og hennar familie og vener? Dette er ein skulle mullaen ville ha gått på! No fekk eg lyst til å starte ein koranskule med Hello Kitty-tema. Det trur eg ikkje har blitt gjort enno. Og det  bli gjort! Under kva betre omstende kan barn og unge lære seg om Koranen enn omringa av søte små japanske kattepusar?!

Kven søkjer eg pengar frå til dette? Kven vil finansiere den gode skule?!


Vi har allereie ein maskot!

onsdag 4. april 2012

I find your video disturbing...

Greit, vi har alle gjort det. Åleine og i lag med nære vener og kjærastar. Ein snakkar gjerne ikkje høgt om det, og prøver å ikkje tiltrekke seg for mykje merksemd når det kjem på banen. Det kviler ei sterk skamkjensle over det heile, og det er på tide å bryte tystnaden. Vi har jo alle gjort det, kvifor skal vi ikkje snakke om det? Eg kan vere den første. Eg har spelt ut scener frå Star Wars-filmane, med stor innleving og presisjon. Og det er heilt normalt. Det er naturleg. Det er ingenting i vegen med det. Og eg treng ikkje skamme meg over det.

Sjølv om eg tykkjer det er litt urovekkande å sjå denne videoen.



Det er liksom berre litt... ja... eg veit ikkje. Ikkje at jenta skal skamme seg. Det er lov å nytte fri fantasi. Og leike litt. Og det er jo forståeleg at dei vil lage litt moro når dei i desse dagar slepp Kinect Star Wars som lar deg leike Jedi, Rancor og gudane veit kva i di eiga stove. På den andre sida, så er det ikkje sikkert at alle har godt av det:


På den andre sida kan vi altså ikkje hevde å vere noko betre. Vi har alle gjort det... og no skal vi gjere det att gitt. Så snart vi får fingen ut og komt oss på butikken.